søndag 12. september 2010

Skule, NBC Studios og Sushi aften

2 veker med skule er over og i morgon starter veke 3. Alle klasser er ikkje 100 % på plass endo så det kjem nok ein ny oppdatering på det før du veit ordet av det.

Dei klassene som er i boks er blant anna "Television Studio Production". Faktisk har eg hatt flaks ettersom klassen på grunn av budsjett-kutt vart slått sammen med "Advanced TV Directing". Ein skulle tru det slo negativt inn, men for ein gong skyld er eg veldig glad for budsjett kutt. Ettersom me er slått sammen med den avanserte klassen får me nemleg være med på ein masse MASSE artig!

Første felttur var faktisk allerede på fredag. Då tok me turen til NBC Studios (kjent tv kanal i amerikansk fjernsyn som står for mange serier/show. Det var forresten her eg var i studio og såg Jay Leno i fjor haust). Det har seg nemlig slik at læraren vår tilfeldigvis er nabo med værmann Fritz Coleman som jobber i NBC (kjent kar her borte), og han ville vise oss rundt hos NBC. Med andre ord hadde eg ein kjempekveld i Burbank og me fekk komme inn i nyhetsstudioet og prate med nyheitsankarane og satt så i kontroll-rommet mens 23.00 nyheitene - KNBC Evening News gjekk live. Det var ganske stas. Eg trur eg smilte frå øyra til øyra frå første stund me gjekk inn i NBC Studios :) Ellers er me ein god gjeng i klassen som allereie har vorte godt kjent. Det er alltid ekstra kjekt.

Resten av semesteret i denne klassen vert det fleire oppdrag og felturar. Det blir artig!! Eg skal ikkje avsløre for mykje, men me skal blant anna dekkje ein basketball kamp (der blant anna Magic Johnson skal delta), og så skal me hjelpe til å ta opp episodar for "The Doctors" (dette går på tv i Norge også. 4 leger svarer på spørsmål osv...).

Uansett, dette blir stas. Eg føler meg så utruleg heldig som får være med på alt dette her. Eg trur jaggu' meg eg får eit innhaldsrikt semester :)

Ellers var eg på sushi-kveld i går. Eg har lært meg å lage sushi-rolls! Eg trur eg må arrangere sushi-kveld når eg kjem heim. Eg hadde faktisk aldri trudd eg skulle like sushi. Eg har til og med fått dreisen på å bruke chop-sticks! Roomie Misaki er jo japansk så eg har fått skikkelig leksjon . Eg har til og med fått eige chop-stick sett :)

Okay, då kjem eg tilbake med meir klasse-stoff litt seinare i veka. Stay tuned!

Eg har ikkje gløymt dåke der heime. Håper alle har det bra!
*Stor klem fra Long Beach*

----------------------------------

Bilder fra helga (tatt med iPhone)


Frøkna hos NBC Studios!

Nnyheitsankarane som er klare for kveldssending



Sushi-kveld. Ingrediensar står klare til å lage sushi rolls!

Eg og Ana's første sushi roll. Dette kaller eg natur-talent! (jobbplan B er i boks)